Forandringer er ein roman om kjærleik og ekteskap, tradisjonar og oppbrot, skrive av ein av Afrikas fremste forfattarar, Ama Ata Aidoo. Ei bok som er oversatt til norsk av Toril Hanssen i 1993. Her får vi eit innblikk i livet til moderne kvinner i Ghana som til dagleg møter hindringar og ein ny modernitet som heller har mangedobla pliktene deira enn forenkla livet deira. Det blir særleg fokusert på tre moderne kvinner i denne boka, Esi Sekyi, Opokuya Dakwa og Fusena Kondey, som alle har sin eigen måte å takle desse utfordringane på. Vi ser ein kompleks kamp mellom desse afrikanske kvinnene og samfunn, familie, tradisjonar rundt dei. Aidoo viser korleis slike moderne afrikanske kvinner vier sine liv, og med kva slags metodar dei er er villige til å kjempe for å forbetre liva sine. Reaksjonar frå familien, ektemenn og lokalsamfunn til desse kvinnene avslørar moderne dilemma for utdanna afrikanske kvinner. Hovudperson Esi Sekyi utfordrar tradisjonelle verdier i ekteskap, kjærleik, karriere og familie i dagens Ghana. Esi sitt liv er på mange måtar eit symbol på den moderne kvinna – ho er utdanna og har ei karriere, og er økonomisk uavhengig av mannen sin- men ho oppdagar at det å vere ei kvinne skapar visse avgrensingar i forhold til hennar ønskje om frihet. Aidoo skapar eit bevegeleg portrett av kvinners liv i Afrika og dei problema som dei møter.